Granberg Garveri vart etablert i 1951 av Karl Johan Granberg (1920-2016). Dei første 20 åra heldt bedrifta til på Innbjoa (gamle Ølen kommune) i leigde lokale. Produksjonen var allsidig med både garving og konfeksjon.
Utover i 60 åra vart pelsberedning hovedproduksjon og det vart behov for å utvida lokala. Første byggetrinn kom opp i 1970 / 71 (800 m2) på Bergsneset i Ølensvåg. Seinare fylgde fleire byggetrinn.
Sidan 1995 har sonen Olav Granberg leia bedrifta som i dag er ei moderne og solid familiebedrift. Den er i dag størst i landet på beredning av sau- og reinsdyrskinn og er den einaste som har driftskonsesjon i Norge.